Om oss / Verkstaden

Arbeidstakarane rullerar mellom de ulike verkstadane, med fokus på trivsel, interesse og ressursar.

Glassmalingsverkstaden (fusing)

Vi nyttar ulike teknikkar og malingstypar der vi malar på glass, skålar, vasar o.a og maling på glassplater som smeltes / brennes i form, malar på uskjært glas, penneteikning på glass og fat mm.

Ull og treverkstad

Her vert det mellom anna laga flotte sitteunderlag og bilete av tova ull. Vi lager også tovete strikketøflar til barn og vaksne (Tar ikkje bestillingar pga vanskar å tilpasse størrelse), ullsålar og andre sesongavhengige produkt.

Eit flott produkt er tennbrikettar der vi resirkulerar avis og smelta stearin. Stearin får vi mellom anna frå kyrkja i nærområdet.

Utegruppe

Utegruppa har eige lokale der vi mellom anna sagar ved av pallar og kløyver tømmer i vedkløyvemaskin. Veden vert pakka i 60 l sekkar og kan leverast til kunder. Ta kontakt om interesse.

Prisar:

  • Palleved: kr 20 pr sekk (heimkøyring kr 25 pr sekk)
  • Vanlig ved: kr 40 pr sekk (heimkøyring kr 45 pr sekk)

Minimumsbestilling ved heimkøyring er 10 sekkar. Eventuelle bompengar kjem i tillegg. Ved avstand over ein mil – eigne heimkøyringsprisar.

P.S Ta gjerne kontakt om du har trær/tømmer til oss. Vi sagar ned trea og/eller henter tømmer.

På treverkstaden vert det produsert sleivar, krabbefangar, skilt m.m og produkt etter etterspørsel.

Matkjøring

Kvar onsdag hentar vi porsjonspakkar med middag på Fjell sjukeheim, som leverast til dei eldre i heile kommunen.

Sanserom

Velvære

Gymsal

Kantine

SFO